Trump og Asia: Arve Hansen om Vietnam og ASEAN

Fra ASEAN-toppmøtet i 2017. Foto: government.ru

I fjor trakk president Donald Trump USA ut av den store frihandelsavtalen som skulle inkludere 12 land i Stillehavsområdet. Hva har dette gjort med USAs forhold til ASEAN-landene og Vietnam?


Intervjuer: Linn A. Christiansen


Arve Hansen er postdoktor ved Senter for utvikling og miljø (SUM), og koordinator for Asianettverket sammen med Kenneth Bo Nielsen. Hansens akademiske interesser inkluderer utvikling, forbruk og Vietnam. I 2018 vant han prisen New Voices Award for sin PhD-avhandling «Capitalist transition on wheels: Cars, motorbikes and mobility in Hanoi».
Arve Hansen
Arve Hansen. Foto: Senter for utvikling og miljø, UiO

Hvorfor burde folk bry seg om forholdet mellom USA og landene i Sørøst-Asia?

Det er mange grunnar til det. Dette handlar om eit vaklande verdspoliti, eit framveksande supermakt og det som er i ferd med å bli ein av verdas på mange måtar viktigaste regionar. På eit storpolitisk nivå er nok den viktigaste grunnen det komplekse forholdet mellom Kina og Søraust-Asia. Kina har provosert og skremt mange i regionen med si bøllete tilnærming til Sørkinahavet, noko som i tur gjer USA til ein viktig partner.

Ikkje minst kjem regionen til å bli stadig viktigare i tida framover. Det er lett å tenke at det er ein liten region, men han er faktisk heim til rundt 650 millionar menneske. Ikkje minst er regionen heim til nokre av verdas raskast veksande økonomiar og ei av verda sine raskast veksande middelklasser. Det er forventa at ASEAN samla sett i løpet av dei neste ti åra veks til å bli verdas fjerde største økonomi, kun slått av USA, Kina og EU. Men det er nok minst like gode grunnar til å bry seg om forholdet mellom Kina og Søraust-Asia!

Handelsavtalen the Trans-Pacific Partnership (TPP) var tenkt til å bli verdens største frihandelsavtale, mellom 12 land i Stillehavsområdet, men da president Donald Trump trakk seg fra avtalen i 2017 inngikk de gjenværende 11 landene en ny avtale uten USA. Hva slags følger har dette fått i Sørøst-Asia?

Eg trur ærleg tala følgene er større for USA enn for Søraust-Asia. Det er mykje optimisme rundt avtalen, og den ser ut til å føre til auka samarbeid mellom dei gjenverande partane. Ikkje minst slepp ein no å forhalde seg til dei mange amerikanske krava. I staden blir USA ståande på utsida, noko som gjer at dei kan tape viktige marknader. At dette er negativt visast også i det at USA er opne for å bli med igjen, dersom avtala blei meir USA-vennleg. Det er liten grunn til å tru at det skal skje.

I kor stor grad frihandel på lang sikt fører til økonomisk utvikling i relativt sett fattigare land er derimot fortsatt eit omstridt tema.

«Det at Trump er så uforutsigbar kan definitivt også sende ASEAN i retning Kina i staden.»

 

TPP var opprinnelig tenkt fra amerikansk side som en måte å styrke USAs lederskap i Asia på. Hvordan er USAs innflytelse på ASEAN-landene nå?

Det varierer. Den er til dømes fortsatt sterk i Vietnam, medan [president Rodrigo] Duterte og Filippinane ser ut til å ha valgt ein meir Kina-vennleg veg. Det er uansett heilt tydeleg ein drakamp mellom Kina og USA i regionen no. Begge stormaktene lover bistand og nye investeringar og begge prøver å auke sin politiske innflytelse. Kina har vore aggressive ovanfor mange av landa i havområda mellom dei, men ser ut til å endre litt tilnærming no. Ikkje minst inneber «Belt and Road»-initiativet enorme investeringar i fleire ASEAN-land.

Det at Trump er så uforutsigbar kan definitivt også sende ASEAN i retning Kina i staden. Ein kan seie mykje om Kina og [president] Xi Jinping, men plutselege krumpspring a la Trump er særs lite sannsynleg frå den kanten. Når det er sagt er nok Kina-skepsisen mykje større enn USA-skepsisen blant særs mange i Søraust-Asia.

Vietnam er av mange spådd å kunne bli den økonomiske lederen blant ASEAN-landene, blant annet som en direkte konsekvens av handelskrigen mellom USA og Kina. Hva tror du om dette?

At Vietnam kan bli ein økonomisk leiar er det liten tvil om, men då må vi ta eit langt perspektiv. Sjølv om Vietnam er blant dei største landa i ASEAN, er Vietnam fortsatt relativt fattig samanlikna med dei største økonomiane der. Om vi måler i BNP per capita, er Indonesia sin økonomi dobbelt så stor, Thailand sin tre gongar så stor og Malaysia over fire gongar så stor. For ikkje å snakke om Singapore, som er eit av verdas rikaste land og ein økonomi som er over 13 gongar Vietnam sin per capita.

Vietnam er spådd som ein vinnar av handelskrigen dersom den fører til at utanlandske investeringar går dit i staden. Dette ser ut til å skje uansett, sidan Kina går i retning av å bli ein serviceøkonomi og industriinvesteringar går til andre land, som Vietnam, i staden. Det er godt mogleg at handelskrigen vil føre til meir av dette.

«For investorar kan den relative stabiliteten land som Vietnam tilbyr vere attraktiv, sjølv om den går på bekostning av menneskrettar, demokrati og ytringsfriheit.»

 

Likevel har Vietnam hatt større økonomisk fremgang den siste tiden enn de øvrige ASEAN-landene. Hva er det ved Vietnam som har ført til dette?

Dette er eit veldig godt spørsmål. Vietnam sin økonomiske vekst sidan marknadsreformane i 1986 har vore ekstrem. Ser vi på nokre av landa som har fått til høg økonomisk vekst over lang tid skil interessant nok Kina, Vietnam og Laos seg ut. Dette tyder på at kommunistane har blitt særs gode på kapitalisme. Økonomisk sett er Vietnam uansett likare Kina enn Laos, særleg i det at industrialisering har vore ein viktig del av veksten.

Vietnam sin framgang handlar om mange ting. Det er eit land med mykje naturressursar, ung og relativt sett godt utdanna arbeidskraft og ei raskt veksande middelklasse. Det er også, som Kina, eit land som opererer med langsiktige planar og sterk statleg innblanding i økonomien, noko som ser ut til å ha vore ein suksessfaktor. Og den gradvise tilnærminga til reformar har vore viktig.

Ikkje minst er det dessverre nok eit bevis på at kapitalismen kan trivst særs godt i autoritære regimer. For investorar kan den relative stabiliteten land som Vietnam tilbyr vere attraktiv, sjølv om den går på bekostning av menneskrettar, demokrati og ytringsfriheit.

Det må også seiast at det er særs delte meiningar om den vietnamesiske suksessen. Det er ingen tvil om at landet oppnår sterk vekst, men særs store delar av dette kjem av utanlandske investeringar. Mykje av den utanlandskdriven industrien har lite kontakt med lokal økonomi, sjølv om den ofte tilset mykje folk. Det er mange som meiner at Vietnam derfor vil feile med å få til den teknologiske oppgraderinga som langsiktig økonomisk utvikling krev.

«I det nye, kapitalistiske Vietnam blir USA sett opp til.»

 

Hvordan stiller folk flest i Sørøst-Asia seg til Trump som president?

Det varierer veldig. Interessant nok viser undersøkingar at han er mest populær på Filippinane og i Vietnam, men det fyrst og fremst sistnemnte eg kan seie noko om. Mange som ikkje kjenner landet trur at vietnamesarar flest hatar USA etter Vietnamkrigen, men det er langt frå sanninga. I det nye, kapitalistiske Vietnam blir USA sett opp til. Ikkje minst er det ein viktig alliert mot det som blant mange blir rekna som den evige fienden; Kina. Derfor kan Trump sin harde retorikk mot Kina vere populær i Vietnam, sjølv om den økonomiske proteksjonismen ikkje er det.

Nasjonalisme er derimot noko vietnamesarar kan sette pris på. Ikkje minst ser bildet av «den sterke mann» ut til å fungere bra, noko som også visast igjen i populariteten til Putin blant mange vietnamesarar. Dessutan var Trump kjendis der før han blei president. Mange av bøkene hans har blitt oversatt til vietnamesisk og illusjonen om at han var slik ein framgongsrik forretningsmann har definitivt spreidd seg dit. I andre land, som til dømes Indonesia, ser skepsisen ut til å vere mykje større.

Det skal seiast at eg ikkje har sett nye målingar etter at Trump trakk seg frå TPP. Det kan tenkast det gjorde han mindre populær.

«Det er gode grunnar til å fokusere meir på både Trump og Xi sine framstøt i Søraust-Asia!»

 

Hvordan synes du media dekker situasjonen mellom Trump og ASEAN? Er det noe som burde vært diskutert, men som ikke blir det?

Generelt vil eg vel seie at Søraust-Asia altfor ofte druknar i det norske mediabildet, medan særleg Kina har ein tendens til å få all merksemd. Men det er gode grunnar til å fokusere meir på både Trump og Xi sine framstøt i Søraust-Asia!

Fakta

  • ASEAN (Association of Southeast Asian Nations) er et politisk og økonomisk fellesskap bestående av land i Sørøst-Asia.
  • ASEANs medlemsland er Indonesia, Malaysia, Filippinene, Singapore, Thailand, Brunei Darussalam, Vietnam, Laos, Burma/ Myanmar og Kambodsja.
  • The Trans-Pacific Partnership (TPP) var en planlagt handelsavtale mellom USA, Australia, Japan, New Zealand, Canada, Mexico, Singapore, Malaysia, Vietnam, Brunei Darussalam, Chile og Peru.
  • Den nye handelsavtalen, the Comprehensive and Progressive Agreement for Trans-Pacific Partnership (CPTPP), er signert av 11 av landene fra TPP, men ikke USA. Avtalen er ennå ikke ratifisert.

 

Dette intervjuet er det tredje i en artikkelserie om Trump og Asia der vi tar for oss ulike asiatiske land og deres forhold til USA under president Donald Trump. Klikk her for å lese intervjuene med professor Vladimir Tikhonov om Sør-Korea og USA, og postdoktor Hans Jørgen Gåsemyr om Kina og USA.