Kina og Russland – den nye militæralliansen?

President Xi Jinping og president Vladimir Putin i Kremlin i 2017, då president Xi Jinping vart tildelt Sankt Andreasordenen, Russlands høgaste orden. Foto: Kremlin.ru

Det er for tida mykje spenning mellom USA og mange av deira tradisjonelle allierte. Immigrasjon, Brexit og andre utfordringar held EU langt i frå å være samla. Men Kina og Russland derimot ser ut til å være i ferd med å skape eit tettare forhold. Er vesten i ferd med å møte ein ny, potensielt farleg, allianse i aust?


Skrevet av Even Eide, masterstudent på statsvitskap ved NTNU.
For tida på utveksling ved University of Nottingham Ningbo China (UNNC).

Rekordsetjande militærøvingar

I september lagde desse to landa overskrifter då dei i fellesskap organiserte Vostok-18, verdas største militærøving sidan Berlinmuren sitt fall. Sjå for deg – 300 000 russiske troppar, 1000 fly, 36 000 einingar med utstyr, 1100 stridsvogner og meir enn 50 kampskip i det massive Sibir – støtta av det kinesiske folket sin frigjeringshær (PLA) og dei mongolske væpna styrkene. Dette var første gong Kina har tatt del i det enorme russiske krigsspelet, og dette fekk Washington si merksemd. Den amerikanske hæren deltok i Trident Juncture, NATO sin største øving sidan 2002, i Noreg i oktober og november i år.

Kva om Kina og Russland blei ekte allierte – politisk, økonomisk og militært? Det er eit marerittscenario for USA, og for oss – det kunne satt i gang ein ny kald krig. Men er det eigentleg det som er i ferd med å skje?

Militæroppvisning 2, Vostok 18
Militæroppvisning etter Vostok-18. Foto: Kremlin.ru

Mykje til felles

Kina og Russland har begge identifisert trekk med Donald Trump sin administrasjon dei veldig gjerne skulle sett endra. Trump-administrasjonen har fyrt av sanksjonar mot Russland, samt ei ny runde med handelstariffar som utgjorde 200 milliardar dollar på kinesiske varer. Begge landa vil også gjerne sjå USA i ei anna rolle enn som globalt politi. USA er til stade og patruljerer begge sine nærområde, samstundes som USA kritiserer korleis deira respektive regjeringar oppfører seg. For å motverka det amerikanske militære nærværet har Kina og Russland gått saman i Shanghai-gruppa, ein regional sikkerheitspolitisk samarbeidsorganisasjon. Dei to landa er også naturlege samarbeidspartnarar – Russland som ein av verdas største olje- og gassprodusentar, og Kina som verdas største energikonsument. Kjøpar og seljar, hand i hand.

Så ser verda no ei ny inndeling? Er NATO og USA i ferd med å måtte stå i mot den russisk-kinesiske alliansen?

Nei, ikkje eigentleg. I dei kommande åra kjem vi til å sjå Russland og Kina konkurrere minst like mykje som dei kjem til å samarbeide.

Mykje å konkurrere over

Regionen i mellom dei, Sentral-Asia, er ein plass der Russland og Kina har fundamentalt ulike interesser. Russland er ein revisjonistisk stat – ein stat som ynskjer å finne tilbake til stordomen, eller som i det minste ikkje ynskjer å miste endå meir makt og prestisje. Dette er problematisk, fordi akkurat dei landa i Sentral-Asia som tidlegare inngjekk i Sovjetunionen er land som Kina ynskjer å auke sin innverknad i. Gjennom det kinesiske infrastrukturprosjektet Belt and Road Initiative byggjer Kina for tida den nye Silkevegen i blant anna akkurat dette området. Dette er noko som vil føre til ein enorm pengeflyt i dei tidlegare sovjetiske republikkane. Desse landa er også militært, politisk og økonomiske allierte av Russland – som gjerne vil behalde kontrollen over dei. Men kva skjer når desse landa blir meir avhengige av andre land enn Russland? Det kan bety trøbbel.

1024px-One-belt-one-road.svg
Kina i raudt, medlemslanda i Den asiatiske infrastrukturbanken (Asian Infrastructure Investment Bank) i oransje. Dei seks foreslådde handelskorridorane er i svart, og den maritime Silkevegen er i blått. Illustrasjon: Lommes, Wikimedia Commons.

Dei to landa sin økonomi er heller ikkje likestilt: den kinesiske økonomien er nesten åtte gangar større enn den russiske. Kina er ein gigant, og er av mange antatt å bli verdas største økonomi på eit eller anna tidspunkt – den russiske økonomien, derimot, er mindre enn den kanadiske, og i følgje FN òg mindre enn den spanske økonomien.Går ein tilbake til olje og gass så er det sant at Kina har eit enormt behov, men det betyr ikkje nødvendigvis at kjøpar og seljar har same interesser. Kjøparen (Kina) vil ha ein lav pris, medan seljaren (Russland) ynskjer ein høg pris. Kina kan finne andre forsynarar – mange av dei i Midtausten – og har dermed det sterkaste kortet på handa i forhandlingane.

Russisk utanrikspolitikk er heller ikkje noko som samanfallar med den kinesiske. Russland er som nemnt revisjonistisk. Dersom det er mogleg, vil Russland gjerne gjera tilhøvet mellom USA og EU mindre stabilt, og få eit tydeligare nærvær i Midtausten. Det kinesiske leiarskapet, på den andre sida, ynskjer eit harmonisk, føreseieleg og stabilt internasjonalt samfunn der Kina kan fortsette å sjå økonomien sin vekse.

Ikkje jambyrdige

Dette er ingen jambyrdig allianse, og definitivt ikkje eit partnarskap. Kina trenger ikkje Russland på same måte som Russland trenger Kina. Til tross for Russland sin enorme militærkapasitet, er Kina meir avhengig av ha ein sterk økonomi enn eit sterkt militærvesen. USA er Kina sin definitivt største handelspartnar. Til og med den vesle bystaten Singapore handlar meir med Kina enn Russland, og Kina eksporterer faktisk meir varer til Nederland enn til Russland.

Så Kina kjem til å fortsette å delta på krigsspel i Sibir, og samarbeide mot den amerikanske militærtrusselen. Men Kina si framtid ligg ikkje med Russland. Kina si framtid er mykje meir avhengig av Europa og USA. Dette kjem ikkje til å endre seg på lang tid.