Vietnam: Frå handelskrigsvinnar til Trump-syndebukk

Foto: Kinsey / Unsplash

Ettersom handelskrigen mellom USA og Kina spissar seg til, peikar stadig fleire på Vietnam som den store vinnaren. Det kan vise seg å bli eit tviegga sverd.


Skrevet av Arve Hansen, postdoktor og koordinator av Asianettverket, Universitetet i Oslo


Trump sin handelskrig med Kina får forståeleg nok mykje merksemd. Når landet som i fleire tiår har preika frihandel byrjar innføre stadig nye tollmurar, får det ei lang rekkje av følgjer. Og når det blir erklært «krig» mot ein gigantisk kommuniststat som er heim til den sannsynlegvis viktigaste økonomien i global kapitalisme, blir det ekstra interessant. Men kven vinn, eigentleg? Mange meiner det heller er Vietnams president Nguyen Phu Trong enn Donald Trump eller Xi Jinping.

USA sin økonomi er fortsatt like avhengig av å importere varer som før. Sjølv om Trump har lukkast med å så vidt minske USA sitt handelsunderskot med Kina, så har faktisk det totale underskotet auka stort.  Om verdas største økonomiar kuttar ned på handelen med kvarandre, er det jo ikkje slik at varehandelen stoppar. Den berre flyttar seg andre stader. Desse nye stadane er i stor grad å finne i Vietnam. Vietnamesisk eksport til USA auka faktisk 29% i fyrste halvdel av dette året samanlikna med i fjor. Samtidig har investeringar utanfrå auka særs raskt, blant anna frå Hong Kong og Kina.

Kvifor Vietnam? Og kva slags følgjer får dette for Vietnam sin ‘framveksande økonomi’? Blir Vietnam det nye Kina?

Det nye Kina?

Det siste spørsmålet er nok til å fornærme omtrent heile Vietnam. Sjølv om dei to landa med sine leninist-marxistiske kommunistparti og «sosialistiske marknadsøkonomiar» er slåande like på mange felt, er dei gamle fiendar. Vietnam si nasjonalforteljing handlar i stor grad om den tusen år lange kampen mot kinesisk imperialisme, sjølv om dette også er over tusen år sidan. Nordmenn hugsar godt Vietnamkrigen, men for Vietnam er det på mange måtar framleis lettare å samarbeide med USA enn Kina. Nettopp derfor har det også lenge blitt eit stadig betre forhold mellom USA og Vietnam.

Det er vel også tvilsamt at Vietnam skal bli det nye Kina i form av verdas industrisentrum. Til det er ikkje landet og økonomien stort nok. Men at det beveger seg ein del steg i den retning er det liten tvil om. Vietnam har lenge vore heim til ein raskt veksande industrisektor og sett stadig fleire investeringar utanfrå sidan dei økonomiske reformene starta på slutten av 80-talet. Særleg sidan Vietnam i 2007 blei medlem av WTO har investeringane skote fart.

Vietnamesisk industrialisering

Vietnamesiske myndigheiter har lenge hatt eit sterkt fokus på industrialisering og i stadig aukande grad har dette funne stad gjennom investeringar utanfrå. Det er derfor på mange måtar ei særs velkoma utvikling at industrikapital har byrja å bli flytta frå Kina til Vietnam.

Hittil i år har utanlandske investeringar i Vietnam verkeleg skote fart.

Samsung er eit godt døme. Den sør-koreanske mobiltelefonkjempen har lenge hatt store delar av sin produksjon i Kina. Dei siste åra har stadig meir av produksjonen blitt flytta til Vietnam. Samsung ser no ut til å vere i ferd med å stenge sin siste kinesiske fabrikk. I staden produserer Vietnam no rundt 40 prosent av alle Samsung-telefonar i verda.  

Utflagginga starta før Trump kom på bana og skuldas blant anna at lønningar og andre kostnader har gått opp i Kina. For Samsung sin del har dei også slitt med å konkurrere med kinesiske mobilprodusentar.

Samsung har lenge hatt store delar av sin produksjon i Kina, men no produserer Vietnam 40 prosent av alle Samsung-telefonar i verda. Foto: Jean Sabeth / Unsplash

Hakket meir overraskande er det kanskje at også kinesiske firma har byrja å flagge ut og flytte til blant andre kommunistnaboen i sør. Når det er sagt er den nasjonale strategien å utvikle seg frå ein industrinasjon til ein serviceøkonomi, og kinesiske myndigheiter har lenge oppfordra nasjonale selskap til å reise ut i verda.

Sjølv om desse prosessane har haldt på lenge, har handelskrigen heilt klart forsterka effekten. Hittil i år har utanlandske investeringar i Vietnam verkeleg skote fart. Så mykje som ein tredjedel av desse investeringane kjem frå Hong Kong, som blant anna på grunn av vietnamesisk skepsis til kinesiske investeringar fungerer som eit mellomledd for handel mellom Kina og Vietnam.

Vietnam som vinnar?

For Vietnam er utviklinga sjølvsagt på mange måtar særs positiv. Handelskrigen har satt ny fart i ein økonomi som allereie var blant verdas raskast veksande.

Så kan vi kåre Vietnam som vinnaren her? Tja, i reint økonomiske tal kanskje.

Landet har så langt slitt med å få fart på den nasjonale industrialiseringa. Det vil seie at det kjem mykje utanlandsk kapital til landet, men ofte brukar dei utanlandske selskapa importerte delar i staden for vietnamesiskproduserte.

På kort sikt ville det vere katastrofalt for vietnamesisk økonomi om USA kutta ned på handelen med landet.

Det har også sine negative sider å ta over for Kina. Utover miljøproblema som følgjer industrialisering, er den mest opplagte akkurat no at Vietnam har fått amerikanske auger på seg. Det har vore dårleg nytt i fortida og er det kanskje igjen, om enn ikkje i like brutal grad. Som vi veit er det i Trump sitt verdsbilete alle andre som har skulda i USA sine problem. No ser det ut som Trump har peika seg ut Vietnam som neste hinder i kampen for å ta USA tilbake mot straumen i industrihistoria.

Vietnam som ny syndebukk

I mai i år blei Vietnam sett på USA si liste over moglege valutamanipulatorar. I tillegg blir Vietnam skulda for å la kinesiske varer bli stempla om til vietnamesiske for å omgå handelskrigen. Trump gjekk i mai i år så langt som å seie at Vietnam er blant verstingane i verda og at dei «utnyttar oss til og med meir enn Kina». Hovudgrunnen ser ut til å vere at USA sitt handelsunderskot til Vietnam har skote i veret.

Mykje tyder på at dette var ei overraskande vending for vietnamesiske myndigheiter. Forholdet til USA har blitt styrka sidan Trump tok over og den fritt-talande presidenten er faktisk veldig populær blant landet sine innbyggjarar. Ikkje minst blir USA sett på som ein viktig alliert med eit stadig sterkare Kina som nabo.

USA kan ende som tapar

På kort sikt ville det vere katastrofalt for vietnamesisk økonomi om USA kutta ned på handelen med landet. Men Vietnam har allereie byrja å førebu seg på eit slikt scenario og ser etter andre handelspartnarar. Det har dei gjort ei stund, etter at Trump i 2017 trakk USA ut av det som skulle bli verdas største handelsavtale, TPP, ein avtale som frå amerikansk side blant anna var tenkt å demme opp for aukande kinesisk dominans i Asia.

Det er ei god stund sidan det globale industrisentrumet flytta austover.

Trump forstår handel som eit spel med klare vinnarar og taparar. Han bryt dermed med mange tiår med nyliberal, amerikansk utanrikspolitikk som har fremma globalisering og handel som positivt for alle partar. Same kva ein meiner om dette, er det slåande at verdas kanskje mektigaste leiar tilsynelatande ignorerer kor djupt integrerte amerikanske selskap no er i globale produksjonskjeder. Det er også slåande at han køyrer ei så konfronterande linje ovanfor eit framveksande Asia som amerikansk økonomi er så avhengig av.

Dette er ein kamp Trump ikkje kan vinne. Det er ei god stund sidan det globale industrisentrumet flytta austover. Det kjem ikkje tilbake.