Historieforteljaren som blei tech-gigant

Foto: Wikimedia Commons

Skrevet av Even Eide, masterstudent i statsvitskap ved NTNU

Jack Ma er ein av Kina sine store entreprenørar, men han hadde ein audmjuk bakgrunn. Kvifor gjer han seg no medan han er på toppen av karriera?

Alibaba-gruppa er i dag eitt av verdas mest verdifulle børsnoterte selskap. Alibaba er ein blekksprut med ein arm innanfor store delar av den kinesiske kvardagen – matlevering, logistikk, skytenestar, betalings- og banktenestar -, men primært var det elektronisk handel Alibaba gjorde det stort på. Gjennom sidene Taobao, Tmall og Alibaba.com kan små kjedar, enkeltpersonar og selskap selje sine produkt rett til kunden, eller til ein ny kjøpar som sel varene lokalt. No møter Alibaba tøff konkurranse internt om plassen på trona, og eksternt ser dei på Amazon og eBay som sine største konkurrentar. Sjølv om det er vanskeleg å sjå for seg no hadde selskapet audmjuke røter når det først blei stifta for 20 år sidan i ei stusseleg leilegheit i Hangzhou, søraust i Kina.

Turistguiden som KFC ikkje ville tilsetja

Jack Ma er ein mester på å motivere og fortelje historiar, og skildrar ofte grunnlegginga av Alibaba som flaks og at det var dei 17 andre medgrunnleggarane som fortena æra. Om seg sjølv seier han derimot at han ikkje hadde peiling på teknologi eller marknadsføring. Han likar å fortelje om dei 10 gongane han søkte studieplass på Harvard og dei 10 avslaga han fekk, eller den gongen han søkte på 30 forskjellige jobbar og fekk avslag på alle. Ein av desse jobbane var hos Kentucky Fried Chicken (KFC) der 24 gjekk på jobbintervju og 23 blei ansatt, og han var den eine som ikkje blei valt.

Ma hadde eit enormt driv, og det som la grunnlaget for etableringa av Alibaba har røter frå ungdomstida i Hangzhou. Den tidelegare amerikanske presidenten Richard Nixon sitt besøk til Hangzhou i 1972 betra turismesektoren i Ma sin heimby, og det var noko han ville utnytte fullt. Han sykla lange strekningar til Hangzhou International Hotel for å gje gratisguidar til turistar med mål om å øve seg på engelsk, samt lære om andre land. Det var også her han fekk namnet sitt «Jack» – ettersom Ma Yun var for vanskeleg for ein av turistane å seie. Som turistguide blei han venn med australske Ken Morley og sonen David Morley, og dei forsatte som brevvennar etter dei hadde dratt. Morley-familien blei så glad i Jack at dei kjøpte Ma si første leiligheit. Med engelskferdigheitane Ma hadde tileigna seg som turistguide, kom han etter fjerde forsøk inn på Hangzhou Teacher’s Institute, noko som bana vegen for ein tur til USA der han oppdaga internett og blei inspirert til å lage eitt selskap.

Taleferdigheit og skinnande auge

Når Duncan Clark, som skreiv ein biografi om Jack Ma, blei spurt om kva som var unikt med han, svarte Clark: «Jack har evna til å få deg til å føle at han snakkar til deg, til og med i rom med eit par tusenar. Han gjer det både på engelsk og kinesisk». Det ligger noko i Ma si evne til å fortelje, og han har utnytta den evna til det maksimale – snakka med statsleiarar, på dei store verdskonferansane og amerikanske talkshowvertar. Når Alibaba blei børsnotert i 2014 endte det opp med å bli den største børsnoteringa nokon gong, og tidlegare støttespelarar kom også fram.   

Ein av desse var Masayoshi Son (grunnleggaren av SoftBank). Det var meir ei personvurdering enn ei ekspertvurdering Son tok når han i si tid investerte 20 millionar dollar i det unge, ukjente Alibaba i år 2000. Son observerte varselsteikn som at Jack Ma ikkje hadde ein forretningsplan, ingen inntekt og kanskje berre mellom 35-40 ansatte. Det Son derimot såg i Ma var ”veldig sterke, skinnande auge” og ein sterk karisma som var verdig ein leiar. Dette er kanskje ei av menneskeheitas mest lukrative investeringar, ettersom den i januar 2018 hadde ein verdi på 129 milliardar dollar.

Gir seg medan jarnet fortsatt er varmt?

På 55-årsdagen sin, 10. september 2019, gav Jack Ma stafettpinnen som administrerande direktør (CEO) vidare til Daniel Zhang. Det kom ikkje som noko sjokk, ettersom Ma hadde annonsert eitt år i forvegen at han ville gje seg. På den andre sida så er det ikkje vanleg i det kinesiske forretningsmiljøet å gje seg i så ung alder – sjå Huawei-grunnleggaren Ren Zhengfei på 74 år eller Hongkongs rikaste Li Ka-Shing som ikkje ga seg før han var 90.

Det er mange som har undra over kvifor Ma valte å gje seg så tidleg – deriblant Russland sin president, Vladimir Putin, som i fjor under Eastern Economic Forum i Vladivostok avbrøyt ein rundebordsdiskusjon om entreprenørskap i det han såg Ma: «Eg har lyst til å spørje den unge mannen der borte som ete russisk snacks, Jack Ma, du er fortsatt så ung, kvifor gir du deg?». Ma, som var litt sjokkert over det plutselege spørsmålet svarte «eg har styrt Alibaba i 19 år og oppnådd noko, men det er fortsatt mange ting eg håpar å oppnå, som utdanning og filantropi». Putin svarte med latter «Du er yngre enn meg, eg er allereie 66!».

Ein draum om stranda

Det er ikkje berre Putin som synest det var merkeleg at Ma valte å gje seg så tidleg. Det florerte mykje spekulasjonar rundt timingen Ma valte, og om det hadde noko med regjeringa å gjere, som i aukande grad har heldt eitt falkeblikk på dei største teknologiselskapa som ein del av innstramminga på private selskap. Det kom også fram i vestlege media i slutten av 2018 at Ma var medlem av det kinesiske kommunistpartiet – til tross for at informasjonen hadde vore offentleg sidan minst 2015.

I følgje Jack Ma sjølv gav han seg fordi han «vil heller dø på stranda enn på kontoret mitt». Ma hadde tidlegare hinta til at han var lei, som han fortalte den amerikanske talkshowverten Charlie Rose i 2017: «eg fortalte leiinga i 2013 at eg burde ha meir tid til å spele golf på stranda. Men det eg opplever er å bruke 870 timar i lufta førre år, og det her året 1000 timar». Ma gjekk til og med så langt under ein konferanse i 2016 til å sei «om eg fortsatt kan ha eitt neste liv så vil eg aldri gjere forretningar som det her» og at den lykkelegaste tida i livet var når han berre tente 91 yuan i månaden som ein fattig lærar.

Tilbake til fortida?

Ma er ein finurleg type. Han er ikkje alltid er like enkel å forstå seg på, og kva han kjem til å gjere framover er ikkje heilt tydeleg. Han har forsatt plass på styret i Alibaba Partnerships og kan delta i nomineringa av majoriteten til direktørane i styret, og eig over 6 prosent av aksjane i selskapet. Han kjem sannsynlegvis til å fortsette med globetrottinga si, og fungere som fantastisk reklame for Alibaba og Kina. Jack Ma har alltid vore ein meister til å lage eit narrativ – frå Alibaba sin fødsel, kamp mot eBay og no med si eiga pensjonering frå selskapet.

I tida som kjem blir det spennande å følje Ma. Han har sagt han er inspirert av Bill og Melinda Gates sin stiftelse og ynskjer sjølv å være ein filantrop. Han vil også tilbake til røtene sine som engelsklærar i Hangzhou, og læraryrket er noko som han seier han brenner for. Uansett kva Jack Ma si neste forteljing blir så vil han alltid være ein av store legendene innan entreprenørskap i Kina.