Leninistisk pandemisuksess i Vietnam

Registrering og hurtigtesting av Covid-19 i Hanoi, 18. april 2020. Foto: Truyền Hình Pháp Luật / CC BY 3.0

Vietnam sin store suksess med handtering av Covid-19 tydeleggjer både styrkene og skuggesidene til den sosialistiske marknadsøkonomien.


Skrevet av Arve Hansen, postdoktor og koordinator for Asianettverket, Senter for utvikling og miljø, Universitetet i Oslo

 

Vietnam har segla opp som ein slags verdsmeister i handtering av koronapandemien, ein suksess det kommunistiske regimet nyleg understreka ved å gi smittevernbistand til USA. Korleis kan det ha seg at relativt fattige Vietnam, med sine nesten 100 millionar innbyggjarar og lange grense mot Kina, har null dødsfall og særs få smitta av Covid-19? Svaret ligg ein stad mellom beredskap, dugnad og undertrykking.

Utruleg pandemistatistikk

Vietnam har fått internasjonal merksemd som ein nesten utruleg pandemisuksesshistorie. Landet er i følgje WHO i skrivande stund (11. juni) oppe i 332 smitta og null døde. Til samanlikning har Norge 8563 smitta og 239 døde med ein tjuandedel av innbyggjartalet. Tek vi eit land som Tyskland, som nærmar seg Vietnam i innbyggjartal, finn vi omtrent 185.000 smitta og 8729 døde.

Tala til Vietnam verkar utrulege. Særleg med tanke på at landet har ei over 100 mil lang landegrense til Kina og handlar særs tett med den gamle fienden i nord. Sjølv om forholdet til den gigantiske naboen mildt sagt er anstrengt, utgjer Kina den soleklart største importkjelda og den nest viktigaste eksportmarknaden for landet. Vidare utgjer kinesiske turistar og kinesisk kapital ein viktig del av den vietnamesiske økonomien. I 2019 registrerte turistmyndigheitene i landet så mykje som seks millionar besøkande frå Kina, i tillegg til at det føregår særs mykje økonomisk aktivitet på tvers av grensa.

Så korleis er det då mogleg å ha så få tilfelle av koronasmitta i landet?

Embed from Getty Images

Drastisk smittevern

Det fyrste spørsmålet som dukkar opp er sjølvsagt om ein kan stole på tal som kjem frå ein autoritær kommuniststat. Det er vanskelig å vite sikkert, men mykje tyder på at dei stemmer ganske bra. Internasjonale ekspertar og WHO har også gitt vietnamesiske myndigheiter mykje ros for tiltaka landet har gjort.

Det neste opplagte spørsmålet er om demokratiske land kan lære noko av eit slikt regime. Det er liten tvil om at vietnamesiske myndigheiter har teke i bruk metodar som går langt utover det vi kunne gjort her heime. Vi snakkar her om eit regime som med mange likheitstrekk til Kina har kombinert hard kapitalisme med minst like hard leninisme og i prosessen skapt enorm utviklingssuksess og ein mørk menneskerettsstatistikk. Det er eit regime som gong etter gong har vist at det ikkje aksepterer å bli utforda og at det er villig til å slå knallhardt ned på all opposisjon.

I møtet med Covid-19 har den leninistisk inspirerte partistaten set i verk heile apparatet, frå statlege hjelpeorganisasjonar til overvaking og arrestasjonar. Regimet stengte til dømes særs effektivt ned samfunnet ved å sperre av bydelar og landsbyar og sette opp fysiske kontrollpostar mellom provinsar. Sensuren av internett har blitt styrka og brot med retningslinjene og spreiing av falske nyhende er jamstilt med undergraving av staten, noko som kan gi lange fengselsstraffer.

Hovudtaktikken mot pandemien har bestått av smittekontroll, og då særleg kartlegging av all kontakt smitta har hatt med andre. Dette har fyrst og fremst vore mogleg gjennom eit mektig overvakingsapparat. I tillegg til dei tre millionane som er medlem av kommunistpartiet, kan myndigheiene stole på eit enormt nettverk av informantar som rapporterar heilt ned til landsby- og nabolagsnivå. Vidare har kontrollen blitt oppretthaldt gjennom store, militærstyrte karanteneleirar og obligatoriske sjukehusopphald for alle som har vore i kontakt med smitta.

Embed from Getty Images

Dugnad og beredskap

Likevel ville det vere feil å avskrive Vietnam sin suksess som berre autoritær. Nokre av tiltaka har vore ekstreme, men langt i frå alle.

Det kanskje viktigaste vietnamesiske myndigheiter gjorde var å ta pandemien på høgste alvor frå dag ein. Altså det motsette av det mange vestlege leiarar gjorde. Allereie i januar stengte Vietnam skular og grensene til Kina, etterfølgt av ein stor mengde teststasjonar. Erfaring med SARS i 2003 gjorde nok sitt til dette, og også den gong hausta Vietnam mykje internasjonal heider for å effektivt bremse pandemien.

Vietnam innførte tidleg omfattande tiltak av smittesporing og testing. Landet utvikla eige smittevernsutstyr og eit eige, rimeleg testsett og fekk på imponerande kort tid kontroll over spreiinga. Vidare har ein omfattande mobilisering av helsepersonell, politi, militære og sivilsamfunn vore viktig, inkludert eit stort nettverk av frivillige og statsdrivne organisasjonar. Ikkje minst har folk lagt ned ein enorm innsats for å hjelpe kvarandre.

Myndigheitene har vidare vore særs aktive med informasjon, inkludert jamlege tekstmeldingar til alle innbyggjarar og ein eigen handvasksong som blei ein internasjonal netthit. 

Embed from Getty Images

Ulikheit og sosialisme

Sjølvsagt har tiltaka slått ulikt ut også i Vietnam. Med fortsatt vekst har landet så langt klart seg betre enn dei fleste også reint økonomisk. Grunnen til dette er blant anna at store delar av den viktige eksportindustrien har gått omtrent som før trass pandemien, mykje takka vere store, avskjerma industrisoner og nøye smittevern.

Men aukande ulikheit har heile vegen vore ein av dei store skuggesidene til det myndigheitene kallar ein sosialistisk orientert marknadsøkonomi. Det ser ein tydeleg også i koronakrisa. Medan somme kan jobbe heimanfrå og nokre få er så rike at dei slepp bekymre seg, er det verre for dei mange millionane som livnærer seg som småskala bønder eller gjennom små føretak og familiebedrifter. Sjølv om det har vore litt hjelp å få, er det mange hol i det vesle sikkerheitsnettet myndigheitene tilbyr.

Likevel er det viktig å hugse at Vietnam har kjempa mot fattigdom meir effektivt enn kanskje noko anna land nokon gong. Sjølv om vi høyrer mykje om problema, er det liten tvil om at mykje også har blitt gjort riktig. Helsevesenet er eitt døme. Der er god grunn til å kritisere ein påstått sosialistisk modell som i stor grad privatiserer helsevesenet. På den andre sida har Vietnam fått til ei nær full dekningsgrad av helseforsikringar. Og all behandling av koronaviruset er gratis, noko som har auka villigheita blant folk til å la seg teste. Same kva ein meiner om styresmaktene, er det påfallande kor mykje betre Vietnam har takla denne krisa enn til dømes USA.

Embed from Getty Images

Læring

Det er utvilsamt mange mørke sider ved Vietnam si handtering av koronapandemien og det er liten tvil om at tiltaka har slått særs ulikt ut for folk også der. Særleg gjeld dette dei som allereie var i ein usikker økonomisk situasjon eller dei som hamna på kant med myndigheitene.

Det er sjølvsagt også altfor tidleg å konkludere skråsikkert om Covid-19. Uansett er Vietnam så langt ei imponerande suksesshistorie, også om vi utelukkar dei meir autoritære tiltaka. Særleg gjeld dette beredskap og mobilisering, der Vietnam tydeleg viser at det er mogleg å lære frå tidlegare pandemiar. Dette blir særs viktig kunnskap framover og det er gode grunnar til å lytte til erfaringane til Vietnam.